Eg er gift med ein mann med motorsag. I forkant av aksjonen har han påpeika kor fint det vil bli. Og gjennom åra har eg lært meg å kome over sorga ved å sjå store tre og landemerke rase i bakken. Eg har fått augene opp for lyset, utsynet, naboene som kjem litt nærare og ikkje minst rotskudda som no får fritt spelerom.
Trøyst-hjartedagen kunne eg og kalle onsdagen i påskeveka. I følge bibelen brukte Jesus dagene før korsfestinga på å holde avskils talar. Han ga venene sine små hint om kvifor han må dø, kva godt som tross alt vil komme ut av det. Kor det etter hans død skal vende blikket for å fatte nytt mot, ny meining. Om lys, utsyn, fellesskap og ikkje minst: nytt liv.